Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nils fikk fangst i fella si

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2019

Nils er ivrig med jakt og fangst, og no har han starta med utsetting av mårfeller.  Måren er jaktbar med feller frå 1. november, til 15. mars, men er sjølvsagt freda i jula når alt vilt er freda – da må fellene spennast ned til over nyttår. Fellene treng hyppig ettersyn, og søndag var Nils Gulla og pappa Stig på slik runde, – og jammen vart det fangst.

Nils er vant til å være med på fangst, og denne dagen var det ein liten hanne som hadde gått i ei av fellene, fortel han. Nils har feller i Gammelseterdalen på Kårvatn, og har plassert sine feller på plassar som tradisjonelt har vore gode fangstplassar.  Og dagens fangst legg nok ikkje nokon dempar på iveren hos Nils, som fortel at måren kan være ein predator som kan påføre stor skade på både storfugl og lirype. Nils fortel også at skinna hadde stor verdi i gamle dagar, med at dette er veldig begrensa no.

 

Publisert: 24. november 2019, 14:32