Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nils-Erik skaut seg bort under VM på Lillehammer

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. januar 2022

Nils-Erik Ulseth er inne i sin siste sesong og har dei siste dagane delteke i VM i snøsport for parautøvarar på Lillehammer.  Torsdag var det siste konkurranse i skiskyting, og dermed siste store løp på heimebane for Nils-Erik.  Han er paraidrettens «grand old man», og satsa på medaljeplass eller kanskje aller helst gull i konkurransen som foregikk på Birkebeineren skistadion på Lillehammer.

På standplass for 4. skyting – tilsaman vart det 5 bom og 5 tilleggsminutt. (Skjermdump)

 

Sjøl om tilhøva ikkje var optimale, med litt for mykje vind, så rekna vi med at Nils-Erik takla det med nokre knepp på standplassen.  Men vinden vart nok for lunefull for han denne dagen, og det vart tilsaman 5 bom før han til slutt gikk i mål på 11.-plass, 7,27 bak vinnaren Vladislav Lekomtsev og toer Vitalii Malyshev.  Med 5 tilleggsminutt var sjølvsagt medaljane utafor rekkevidde denne gongen.  

Men det blir nok ein ny sjanse under de Paralympiske vinterleker 2022, som blir arrangert i Beijing i Kina fra 4. til 13. mars i år.  Ulseth er teken ut til å delta der, og det blir nok den siste internasjonale konkurransen han tek del i. 

Resultatlista – Nils-Erik hamna på 11.-plass til slutt, 7,27 etter vinnaren. (skjermdump)

Først publisert: 20. januar 2022, 13:46 - Sist oppdatert: 13. april 2022, 08:06