Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nils-Erik runda av sesongen i Japan

Jon Olav Ørsal Fredag 15. mars 2019

Denne veka har Nils-Erik Ulset vore i Japan – eller nærare bestemt i Sapporo – på skiskyting der han vart nummer to på sprinten i verdscupavslutninga. Han vart fattige 4 sekund etter vinnaren Benjamin Daviet fra Frankrike. Begge skaut fullt hus i konkurransen torsdag.

Nils-Erik vart også nummer to samanlagt i verdscupen for paraidretten. Det var Benjamin Daviet som vann samanlagt både skiskyting og langrenn. No får nok Nils Erik betre tid etter kvart, og blir nok oftare å treffe i jobben på Kårvatn Fjellutstyr utover våren og sommaren.

 

Publisert: 15. mars 2019, 19:17