Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nikolai Søyset Hopland klar for spel i Nederlandsk toppklubb

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. september 2024

Nikolai Søyset Hopland, sonen til Anne Søyset frå Heimstad, har hatt ei fin og stigande kurve på fotballbanen. Noko som gjer at han frå 1. september i år og fram til juni neste år får sjansen til å spele fotball i Eresdivisie i Nederland.

U21-landslagsspelaren forlenga nyleg kontrakta si med Aalesunds Fotballklubb (AaFK) til sommaren 2026, men går altså no på lån til Eresdivisieklubben Heerenveen i Nederland.

20-åringen har, trass i sin unge alder, tilegna seg mykje erfaring gjennom spel i Åafk i Eliteserien, i OBOS og på aldersbestemte landslag. Den 12. oktober 2023 fekk han debuten sin for U21-landslaget mot Østerrike, og var også en viktig mann for Norge i U19-EM sommeren same år.

– Gutten som har gått gradene i Guard og Rollon debuterte for A-laget vårt allerede i 2021, og scoret sitt første mål for klubben 6. november 2022. Vinnermålet i 2-1-seieren over Lillestrøm i Eliteserien. I en alder av bare 20 har han altså 77 kamper for A-laget til AaFK, skriv AaFK på sine heimesider.

Publisert: 3. september 2024, 17:37