Nikolai Søyset Hopland (16), son av Anne Søyset frå Heimstad, har vore på landslagssamling med Norge sitt G17 lag. Han har så langt i sosongen starta alle kampane (4) for Aalesunds Fotballklubb (AaFK) i OBOS-ligaen. På toppen av det heile har supporterane til AaFK kåra han til månadens spelar i mai, noko Nikolai sjølvsagt sette stor pris på.
– Det er veldig gøy å bli kåret til månedens spiller. Det har ikke sunket helt inn enda, seier Nikolai til aafk.no om å bli kåra til månadens spelar.
Om landslagssamlinga seier Nikolai følgjande til aafk.no: – Samlinga har vært veldig fin. Jeg har blitt kjent med mye folk og tar med meg ny lærdom hjem. Vi har gjennomført lange, harde og fine økter her nede, og det toppet seg med internkamp søndag,
I internkampen spela Nikolai midtstoppar saman med Viking-talentet Kristoffer Paulsen og spela heile kampen. Landslagstrenar Luis Pimenta ga han gode skussmål etter samlinga.
– Både han og temaet var fornøyde. Jeg fikk tilbakemelding om at jeg var solid defensivt, rolig med ball og god offensivt, fortel Nikolai vidare til aafk.no.
Heile intervjuet med Nikolai kan du lese her på: «aafk.no»