Nicole Nordvik og dei andre jentene på Surnadal J 17 2 lag tok onsdag kveld turen til Molde for å spele seriekamp mot Træff 1. Det vart ein målrik kamp i rosenes by og Nicole scora hattrick, og sikra dermed seier for Surnadal J 17 2.
Rapporten frå kampen fortel at kampen starta med eit lite press frå bortelaget, men at det var heimelaget som scora dei to første måle, i det 7. og 13. minutt. Berre minuttet seinare reduserte Ida Mogstad med eit kjempeskot.
Surnadal 2 skapte fleire store sjansar, men da dommaren bles til pause, stod det 2 – 1 til heimelaget.
Rett etter sidebytte utliknar Nicole i det 42. minutt, og laga er like langt. I det 47. minutt er Nicole frampå igjen, og Surnadal 2 hadde snudd kampen. I det 55. minutt scorar Nicole sitt tredje mål for kvelden og fullfører dermed kveldens hattrick. Surnadal 2 er i leiinga med 2 – 4,, men sjølv om Træff 1 reduserer til 3 – 4 i det 69. minutt, klarer dei ikkje å få ballen i mål fleire gonger, så da dommaren bles i fløyta for siste gong, viste resultattavla 3 – 4.
Rapporten fortel om ein fartsfylt kamp med mange store sjansar til båe lag.