Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NIBIO med fagtur til Nordvik og Todalen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 19. september 2020

Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO, har 15 avdelingar spreidd utover heile landet, mellom anna har dei ei avdeling på Tingvoll. Dei tilsette her var torsdag 17. og 18. september på fagtur til Nordvik og Todalen og avslutta fredag ettermiddag med ein avstikkar til Stangvik.

Else Koksvik som hadde ansvar for opplegget, kunne fortelje at dette var ein kombinasjon av fagtur og velferdstiltak. Programmet var omfattande.

Første stopp var Nordvik med tur opp til Nordviksetra der Oddvar Mikkelsen orienterte om setredrift, historia til setrene og korleis området er nytta i dag. Ein interessant start på dagen. «Vi er imponerte over kva dei har fått til på Nordvik!» – det var konklusjonen. Deretter gjekk turen til Todalen, først med besøk til Gammelfabrikken der John Moe orienterte om lokalt næringsliv.  Gammelfabrikken og området rundt imponerte turfølget;  «ei godt skjult, men flott hemmelegheit!»

Deretter var det omvising i Halsesamlinga; der Dordi Jorunn Halle fortalde om Leif Halse. Frode Grønmyr, frå Landbruk Nordvest, orienterte om lokalt landbruk.

Programmet fredag omfatta ekskursjon til Kårvatn og Nauståfossen, gardsbesøk i Oppistua på Hjellnes med avslutning i Stangvika der Olaf Østbø og Svein Sæter hadde opplegget.

Else Koksvik (til venstre) og Unni Støbet Lande. Unni er stasjonsleiar for NIBIO Tingvoll. Foto: Dordi J H

Turfølget overnatta på Todalshytta, og dei prøvde ut lokale serveringsstader; både Todalen Brygge og Svinvik gard.

Kontoret til NIBIO på Tingvoll er lokalisert til Tingvoll gard, som i utgangspunktet var prestegard, før det vart jordbruksskule, seinare saueavlsgard og no er Tingvoll Økopark.

Else Koksvik kunne fortelje at ekskursjonen var planlagt til våren 2020 med  på grunn av pandemien måtte tidspunktet endrast og dermed også opplegget. Men triveleg å høyre at ho kvar dag er innom todalen.no og hadde brukt nettsida under planlegginga av programmet og opphaldet.

Les om NIBIO her:

https://www.nibio.no/

 

 

Publisert: 19. september 2020, 07:44