Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Neste torsdag: Klart for RAUS 2017

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juni 2017

Neste torsdag, nærare bestemt torsdag 8. juni er det klart for ny RAUS-konsert.  Der skjer i Todalen ungdomshus, og RAUS 2017 kan by på ei heilt utruleg artistliste, der du finner velkjente navn frå tidlegare RAUS-konsertar som Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman og Johanna Demker. Men vi finn også 7 nye namn på lista, fortel Eric Malling som er vert på Todalshytta og arrangør av låtskrivarseminar på Todalshytta i neste veke.

De «nye» namna er Bendik Brænne, Bill Troiani, Hege Øversveen, ORBO, Jo Sverre, Kim Bergseth, Tove Bøygard. Alle kommer til Todalen og Todalshytta for å delta i årets låtskrivarkurs, og blir altså i Todalen heile veka, for å bli inspirert og utvikle seg som låtskrivarar.  RAUS-konsertane er nærast «verdskjente» som opptrer saman med felleskonsert der mange nye låter har verspremiere, så her er det berre å begynne å gle seg!

Konsertstart er kl 19, men dørene opnar kl 18.00 –  Billettprisen er kr 250,-  og billettane selges på Matkroken Todalen og Surnadal kulturhus. Restbillettar selges kontant ved inngangen frå kl 18, og det bys da på servering.  Aldersgrensa er 18 år.

Her kan du lese plakaten:

 

Først publisert: 2. juni 2017, 18:00 - Sist oppdatert: 4. juni 2017, 19:24