Søndag 16. november kl 14 er Todalen historielag aktuelle med bokslepp. Det skjer i Todalen ungdomshus og da er Årsskrift for 2014 klart for utdeling og sal. Årsskriftredaksjonen har jobba godt gjennom heile året og samla over 80 sider med historisk materiale mellom permane. Det er som vanleg mange varierte artiklar i heftet, og det er rikt illustrert med mange flotte bilder.
Kl 15 er det filmframsyning. Da viser Anders Talgø og Sven Olav Svinvik ein film dei laga for 4H, der skjæring, korntørking og trøsking etter gamle metodar er filma og viser korleis dette skjedde med gamle teknikkar. Elles blir det vist ei lita utstilling med ymse skomakarverkty. Dette er knytta til ein av artiklane i det nye årsskriftet, som omtalar gamle skomakarar i Todalen. Jon Bojer Godal har ein artikkel om Todalsfurua.
Sjølvsagt er det traktering, med kaffe, kaker, graut og bakels. Historielaget har også laga «bokpakkar» med gode tilbod på tidlegare årsskrift og anna materiale dei har til sals. Medlemar i historielaget kan hente eit eksemplar av årets skrift som er inkludert i medlemskapet, og elles kan alle som vil kjøpe fleire eksemplar av årsskriftet. Plakaten kan du laste ned her!
Redaksjonskomite for årsskriftet for 214 har vore Sven Olav Svinvik, Dordi Jorunn Halle, Wenche Ø. Kvendset og Maren Ansnes. I tillegg har Ingri bruset og Ragnhild A. Moe jobba mykje med fotoarkivet til historielaget.