Neste veke er det klart for demensveke for Surnadal Demensforening og helselag, fortel ledar Liv Botten. I år som i fjor har ho sikra avtale med Surnadalsrussen til å bli med på innsamlingsaksjonen rundt i heile Surnadal kommune – for å samle inn pengar til demenssaka. Aksjonen kjem til å gå føre seg i tidrommet 15. til 18. september, og da håpar ho at du tek vel i mot dei som kjem med innsamlingsbøssa.
Demens er forårsaka av sjukdom i hjernen, og fører til dårleg hukommelse og problem med å utføre daglege gjøremål og personleghets endringar. I dag finns det inga behandling for demens, så utfordingane er mange tiltross for omfattande forskning.
Pengane som blir samla inn går til Nasjonalforeninga for folkehelsa og støttar både forskning og lokalt arbeid, slik som demensskule som skal arrangerasst i Surnadal i haust og for at dei som blir ramma av sjukdomen skal få best muleg hjelp.
FAKTA OM DEMENS:
- Demens er sjukdom i hjernen
- Nasjonalforeninga for folkehelsa er interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande
- Inntekta fra Demensaksjonene går til lokale tiltak og forskning
- Over 70 000 menneske i Noreg har demens
- Over 350 000 er nære pårørande
- Om 30 år kan dobbelt så mange væra ramma av demens, dersom vi ikkje lykkast med å løyse demensgåta.
For nærare informasjon, ta kontakt med leiar i Surnadal Demensforening og Helselag, Liv Botten (tlf 957 29 719)