Todalen Idrettslag ligg på ein solid andreplass i Møre og Romsdal etter at Norsk Tipping har gjordt opp statusen på fjorårets totale grasrotandel. Grasrotandelen er ei lettent inntekt til lag og organisasjoner som registrerer seg i Frivilligheitsregisteret. Kvar gong ein som har ein registrert grasrotmottakar då tippar, vil 5% av innsatsen gå til «ditt» registrerte lag eller organisasjon.
Grasrotandelen gjev 5 % av innsats i følgende spill: Lotto, Vikinglotto, Keno, Joker, Tipping, Oddsen. Extra og Flax inngår med anna ikkje i Grasrotandelen.
Her i Todalen var det i fjor berre Todalen Idrettslag og Todalen Sanitetsforening som var registrerte i Frivilligheitsregisteret. Og ved å sjå på oversikta kan ein for eksempel lesa at Saniteten har 45 tilknytta spelarar og får 9702 kroner, medan idrettslaget har 68 tilknytte og får utbetalt 218 909 kroner! Berre Molde Fotballklubb overgår Todalen Idrettslag med248 369 innkomne kroner fordelt på 517 spelarar.
Nokre fleire å måla seg opp i mot:
Todalen IL 218.909 kr/ 68 tilknytte
IL Søya 30.474 kr/78 tilknytte
Surnadal IL 85.224 kr/195 tilknytte
Ålesund FK 179.909 kr/419 tilknytte
Sunndal Røde Kors 132.198 kr/200 tilknytte
Betna IL 77.252 kr/35 tilknytte
For å sjå oversikta over alle Grasrotandelane kan du gå hit.