Svorka melder at nettet (internett via fiber) vil vere nede i fleire korte periodar i tidsrommet 00:00 – 01:00 fredag 16.oktober. TV-signala skal derimot fungere som normalt heiter det i ei melding frå Svorka.
Grunnen til dette er naudsynt arbeid på nettet.
Svorka presiserer på telefon til oss at dette gjeld natt til fredag 16.oktober (ikkje torsdag 16.oktober som i deira melding) og at nedetida gjeld internett og ikkje straumnettet.