På dagens sprintkonkurranse i randonee på Voss sikra Erik Kårvatn seg 3.-plassen og dermed pallplass i Seniorklassen. Ein imponerande innsats av junioren som blir 18 år om eit par månader. Dagens konkurranse gikk i Bavallen på Voss, der det var 20-30 cm nysnø og fine løyper og tilhøve elles, fortel Erik til Todalen.no.
Erik kom i på tida 3:11, berre 13 sekund etter Hans-Inge Klette som hadde beste tid og 4 sekund etter Trym Dalset Lødøen som sikra seg andreplassen. Edvard Sætran Solli fra Torvikbukt kom inn på 8.-plass 1:11 etter vinnaren.
Neste runde med NorgesCup går i Settemsdalen, og det skjer laurdag 27.02. Muligens blir det ein runde til Molde siste helga i januar, men det er usikkert om det blir NC-arrangement. I Mars, nærare bestemt 20. – 21. mars går NC Kårvatn Skimo på heimebane – der blir det individuell på laurdag og sprint på søndagen.