Rennleiar Nils Ove Bruset rapporterer finne forhold i fjellet – i dag har han og fleire til vore i fjellet opp mot Tydalsnebba og kan altså melde om fine forhold og godt føre i fjellet. Derfor ligg det an til ei flott randoneé-helg med NorgesCup og med Dalahaugen Open for dei minste på Kårvatn i Todalen.
Bruset melder om bra påmelding, og han bekreftar at den både landslagsdeltkarar og andre frå den «harde kjerne» har meldt sin ankomst til NC på Kårvatn. I seniorklassen nevnes første års senior Sondre Svensli, og Glenn Tore Løland på landslaget men det er også verdt å nevne Robert Beddow, Håkon Ishol, Håkon Klerud Johansen og Vegard Øie som er godt kjent i Dalalia og som vi har store forventningar til. -men lørdagens største favoritt er kanskje Kilian Jornet Burgada? Forventningar har vi også til juniorløpar Erik Kårvatn som stiller på heimebane med sterk konkurranse frå andre juniorar.
Dalahaugen Open
Vi har lenge sakna eit tilbud til dei minste, og i år blir det arrangert dalahugen Open ifor første gong. Det skjer i samband med NC-arrangementet og skal engasjere publikum – både store og små som blir aktivisert med både hopping, langrenn, mini-randoneé, slalåm og aking. – Og alle deltakere får diplom og medalje som eit synleg bevis på deltaking i Dalahaugen Open. Elles er kiosken åpen, med salg av bakels, pølser og kaffe.
I tillegg kan du altså være tilskodar til spektakulære øvingar i årets Norgescup randoneé som har både start og målgang på Bekkøya stadion på Kårvatn.