Terje Nordvik, som er nabo og involvert i saka om dei tidlegar «eigarlause» vegen, fortel at vegsaka no er løyst og at Statens vegvesen no vil ruste opp denne vegstumpen og legge fast dekke. Deretter vil dei endre statusen til kommuneveg, og gi den bort til Surnadal kommune. Dermed blir Surnadal kommune eigar av heile strekninga mellom Nerbu og Ansneset. Dermed kan ein vel seie at asfaltarbeidet på Ansnesvegen er starta, og stille spørsmålet når resten av vegen blir asfaltert?
Det er nemleg stort behov for fast dekke på Ansnesvegen. Store tømmerbilar til MøreTres anlegg, Ansnessaga, køyrer dagleg gjennom Todalsøra og utover etter den smale grusvegen til Ansnessaga. Det dreier seg om 1-2 kilometer som i dag er grusveg, og sjølvsagt er det problem for tungtransporten på denne vegstrekninga i vårløysinga kvart år.