I kveldinga gjekk den planlagte Løfta-turen av stabelen. Sanitetsforeninga hadde laga i stand natursti langs heile ruta, med spørsmål om laust og fast. Attmed nokre av postane var det også oppskore frukt og grønsaker. Denne turen er ein del av den nasjonale satsingsområdet til Norske Kvinners Sanitetsforening har kvar haust; Sanitetens veke. I år som i fjor er temaet trim og kosthald. Så då passa det no godt å bevege seg og ete litt sunt på turen.
Kristian Hauglann Talgø, Johan Ranes og Van Adrian Ansnes tok ein rast ved timboka som er utlagt på Løfta.
Litt bratt opp den eine kneika, men ikkje verre enn at både dei minste og dei eldste klarar det.
Etter «målgang» vart det kveldsmat med bollar, rundstykkje og godt pålegg til. Berre ei hadde full score på naturstien av dei bortmot 20 som deltok, og det var Jorunn Ørsal. Etter kvart vart det og loddsal og den spenninga som følgjer med for dei minste.