Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nattefrost og rim på ruta

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. oktober 2018

Det har vel vore rim på frontruta fleire netter i oktober, men natt til laurdag var liksom den første natta med skikkeleg nattefrost og rim både på bilruta og i busker og kratt.  På heimebane har det iallfall vore 2,9 kuldegrader i løpet av natta og vêrmeldinga på yr.no lovar kuldegrader eit par dagar framover – delvis også på dagtid.  Men etter kvart blir det varmare igjen, og det blir 6-7-8 varmegrader resten av 10-dagersperioden.

Natt til laurdag var det rimfrost både på bilrutene, busker og på marka. Men i neste veke blir det mildare igjen utover resten av 10-dagersperioden. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. oktober 2018, 10:00