Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Natta og dagen er like lang

Jon Olav Ørsal Måndag 20. mars 2017

Endeleg har dagen teke igjen natta! I dag er det vårjamndøgn, og da er natta og dagen like lang over heile verda. I dag er det også soloppgang på Nordpolen, og det markerer sjølvsagt at ein startar på sommarhalvåret, og godt er no det!

På Nordpolen er det faktisk berre ein soloppgang – og så skin sola heile sommaren og heilt til september når vi har haustjamndøgn.

På Wikipedia kan du lese meir om jevndøgna og korleis dato og tidspunkt blir endra frå år til år. .

Publisert: 20. mars 2017, 20:17