Natt til søndag 25. oktober stiller vi klokka éin time tilbake og går frå sommartid til normaltid. Kl. 02 natt til søndag stiller vi klokka ein time attende. Er du i tvil om korleis du skal stille om til sommar- eller vintertid, så er regelen at du alltid stiller klokka mot sommaren.
Kva skjer med sommartida i Europa?
Det har vore mykje prat om at det skal bli slutt på sommartida. Europakommisjonen la i 2018 fram forslag om å avvikle ordninga med å stille klokka fram og tilbake. Det er enno ikkje gjort noko vedtak om endringar og det er heller ikkje klart om ein vil jobbe vidare med forslaget i EU.
Så inntil vidare må vi berre fortsette å stille klokka fram ein time om våren og attende ein time om hausten. I Norge er det iallfall vintertida som er normaltid, slik som ordninga er i dag.