Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Natt til laurdag startar laksefisket i Toåa

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2024

Det kjem kanskje litt overraskande på at laksesesongen både startar tidlegare og sluttar seinare enn det har gjort dei siste år – sesongen bli 4 veker lenger.  Laksefisket startar 1. juni og  sluttar 31. august – altså same tid som i Surna.
Men når det er sagt, så går vi nok inn i ein sesong som er sterkt prega av lovkrav og strenge reguleringar.  – Det er nemleg mørke skyer i horisonten for villaksen, og vi får kanskje oppleve ein svært krevjande sesong.  Det er bekymringsfulle signal, seier Stig Husby som er leiar i Todalen elveeigarlag. Spesielt krevjande er det fordi vi skal forvalte elva økonomisk, samtidig som vi skal forvalte det biologiske ansvaret på ein forsvarleg måte.

Dette har vi i Todalen elveeigarlag teke på alvor, og har jobba mykje med å finne gode løysingar og vi meiner at vi har gjort naudsynte tiltak som fiskarane vil merke, seier Husby.  Vi kan berre nemne overvaking av gytebestand, tiltak mot rømt oppdrettslaks og mot pukkellaksen, for å nemne noko.

Nokre av tiltaka som blir sette i verk for Toåa denne sesongen, kan vi liste opp slik:

  • Hele laksekvoten for Toåa er 30 hannlaks
  • All holaks er freda heile sesongen
  • Midtsesongevaluering der planlagde tiltak kan settast inn (eks stenging)
  • Fredningssone for all laks ved Fyrhushølen opp til Storfossen
  • Forbod mot markfiske ++

Dette kan du lese meir om ved å gå til lenka til fiskereglane for Toåa.  Det er også lagt ut mykje informasjon på nettsida til Elveguiden – der kan du også kjøpe fiskekort og rapportere fangstar. 

Stig Husby speidar etter laksen ved Halsabrua. Foto Jon Olav Ørsal

Husby fortel at styret i elveeigarlaget har lagt ned mykje arbeid for å finne gode løysingar både for elveeigarane og for fiskarane. Vi har hatt eit bredt samarbeid med miljøavdelinga hos statsforvaltaren og i miljødirektoratet, og vi har lært uttruleg mykje av dei prosessane vi har vore igjennom det siste året.

Gjennom undersøkingar som er gjort i elva har vi sikra oss meir kunnskap om kva som går føre seg i elva, og kva tiltak som kan gje det rette resultatet.  Vi veit også at eit av alternativa vi kunne fått er at elva har vorte stengt – enten for resten av sesongen eller kanskje i ein femårsperiode. Det hadde i tilfelle vore ein katastrofe.

Laksestart med Johanne Holten. Todalshytta tek fram storgrillen og sørger for god mat og drikke denne fredagskvelden. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Men no gler vi oss til å starte ny sesong natt til laurdag, og vi arrangerer laksestart på Todalshytta. Da vil Todalshytta hente fram storgrillen og sørge god mat og drikke, og i tillegg får vi eit kulturelt innslag, med song og musikk frå Johanne Holten frå Surnadal.  Dette arrangementet skjer i samarbeid med Todalshytta.

Først publisert: 29. mai 2024, 07:00 - Sist oppdatert: 28. mai 2024, 22:52