Leitinga etter shibaen Natiri går no på fjerde døgnet, men er like resultatlaus, fortel Anders Mo som er matfar og fortvila eigar. Sjølv har Anders leita kvar dag, og har hatt god hjelp av venner. I kveld har venner frå hjelpekorpset vore med på leitinga i det mest aktuelle terrenget med drone og termisk kamera – framleis utan resultat.
Det mest aktuelle leiteområdet er i skoggrensa i Styggdalen – mellom Litjfjellet og Blåfjellet. Der er det vanskeleg terreng, men egentleg skulle det vore lett å sjå Natiri som har orange og grått dekken. Det har vore gjort eit grundig søk med drona, som har termisk kamera – 3 timar og 20 km terreng er gjennomsøkt uten eit einaste livsteikn.
Anders har bestemt seg for å finsøke terrenget der ho vart borte på torsdag. Samtidig går oppfordringa til folk som ferdast i fjellet om å være på utkik etter Natiri – bruk kikkerten og rapporter dersom det blir gjort observasjonar er oppfordringa.