Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nasjonaldagsfeiringa på Nordvik vel i hamn

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. mai 2024

I tradisjonen tru hadde Nordvik Grendalag invitert nordvikgardingane mai-feiring i Nordvik forsamlingshus. Rundt søtti møtte opp til feiringa av 17. mai, og dei fekk vere med på eit variert og innhaldsrikt program. 

Det heile tok til ute framom forsamlingshuset der Ann Kristin Nerland, leiar i 17. mai-komiteen ønskte alle velkommen. Så song dei Nasjonalsongen, før alle vart invitert inn i forsamlingshuset. 

Kirsten Marie Nordvik helt tale for dagen på Nordvik i år. Foto: B G Ansnes

Kirsten Marie Nordvik helt ein fin og reflektert tale for dagen, der hovudtemaet var kor trygt og godt det er å vekse opp i Norge, og at du sjølv har stor friheit til å ta dei vala ein vil for sitt eige liv. Etter talen vart det servert sodd. 

Folk kosa seg i varmen på Øygarden. Foto: B G Ansnes

Etter maten var det leikar for ungane, loddsal og Quiz. Det var sal av brus og is, noko som var populært i det varme vêret. Det heile vart avslutta med kaffe og kaker i og utanfor forsamlingshuset. Årets 17. mai-komité kan notere ei vellukka og triveleg markering av Nasjonaldagen i minneboka! 

Publisert: 17. mai 2024, 21:00