Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Naringslivsdag – Talgø fikk Utviklingsprisen

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. januar 2014

240 personar frå heile distriktet deltok torsdag på Surnadal Sparebanks næringslivsdag i Surnadal kulturhus. Ei rekke kjente føredragshaldarar var invitert, ig tillegg til lokale. Eit av høgdepunkta var utdeling av årets Utviklingspris, som i år gikk til Talgøkonsernet.

Talgø fikk prisen for sitt store engasjement og utvikling gjennom over hundre år, og som stadig veks og utviklar seg vidare med både nyskaping og tilpassing.  Talgø er opptekne av å skape både nye arbeidsplasser og nye produkt, og dette gjer store ringvirkningar både med å bremse på handelslekkasjen og skape aktivtet som trekker folk til bygda.

Det var banksjef Allan Troelsen som ønska velkomen og som viare orienterte om verksemda i Eika-alliansen og betydninga den har for bygdebankane. Vidare fikk vi litt orientering om konjunkturane som akkurat no peikar litt nedover, utan at dett får så stor betydning for distriktet her.

Elles var Jan L. Andreassen på plass med sine makrøkonomiske betraktningar, og litt om sosiale media og den betydninga de har for samfunnet og kva vi er verdt som samfunnets «råvare». Kristin Skogen Lund som er Adm. dir. i NHO fortsette med betrakninger om korleis vi er rusta med kunnskap for å møte framtida

Etter pausen fortsette Ivar koteng, som er ein storaktør i eigedomsutvikling i Trondheimsområdet. Han hadde nokre betraktningar om leiarskap og metodar, samt litt om eiendomsstrategi med tanke på kjøp og salg av eiendom og fellene ein kan gå i.  Neste post var også interessant, der Olav Egil ellevset orienterte om vegprosjektet for ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim. Det blir nok ei stor utfordring, men det er ikkje umuleg dersom ein tek i bruk avansert teknologi.

Ellevset trudde det ville ha stor betydning for distriktet på Indre Nordmøre om vi kunne få ei løysing på tverrfjordleg trafikk så snart som muleg. Erfaringa viser at det er vanskeleg å få til utvikling på små isolerte stader, men i større distrikt kjem løysingane nerast av seg sjølv.

Marte Helgetun fortalte om sine drøymer som har gått i oppfylling. Marte Helgetun har etablert sitt eige firma og har no levebrødet frå det som ho har drøymt om lenge – nemleg design og garn. Ho poengterte at det har vore mykje arbeid og spekulasjonar, men det er artig når slik verksemd lykkast og ikkje minst når det kan bli eit levebrød.

På dei to siste postane på programmet var det Geir L. Kjersem og Jørgen Skavlan som var i aksjon. Kjersem orienterte om alternativ flytebruer som kan være løysinga både på Todalsfjorden og på Halsafjorden. Dei har teknikken og det står på penger for å få det til.

Skavlan hadde eit artig føredrag om helsa vår. Norge er verdens beste land å bo i, men det spørs på korleis ein tek det. Med både ironi og humoristisk snert fekk han med seg publikum som nok fikk seg ein tankevekkjar.

Foto frå Næringslivsdagen – alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. januar 2014, 23:04