Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Når man blir 99, kan man trø til for fullt…

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. september 2014

I dag blir det nok ein travel dag for Lisbet Halle. Dei første gjestane stakk innom før ho kom seg i pussen, og det blir nok full rulle utover dagen med både eplekake med krem og etterkvart blautkake til kaffegjestane. Om det kjem 99 lys på kaka veit vi ikkje, i så fall må det nok fleire pakkar til.

lisbet_sjukepl_7450

Kari Evensen frå heimesjuke pleia var innom og hjelpte til med morgonstellet, og Lisbet kvitterte med ein jubileumsklem. Foto: Jon Olav Ørsal

Lisbet bor heime på kåret i Austistua, og trives best med det. Ho har dagleg besøk frå den kommunale heimesjokepleia og får hjelp med morgon- og kveldsstellet. Lisbet er oppteken av notida, og likar å følgje med på det som skjer både lokal og elles i verda, og held seg oppdatert gjennom både aviser og nyheiter i andre media. Mellom anna tykkjer ho at det er «mykkjy på fer med sa slåstingjen ni sa lainnå».

Men denne dagen blir det vel fullt opp med kaffegjestar og ho må vel sette av dagen til å være selskapsdame, medan familien stiller opp som servitørar og kaffekokkar. Trygve Alexander var innom med flott krone til oldemor på 99-årsdagen.

Vi i redaksjonen i Todalen.no gratulerer med 99-årsdagen!

Trygve Alexander sørga for at oldemor fikk krone. Foto: Jon Olav Ørsal

 

TerjeN_TH_7448

Terje Nordvik og Trygve Halle var først ute med gratulasjonar. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 24. september 2014, 12:37