Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Når kvinner slepp til – kvinnefrigjering i Etiopia

Elinor Bolme Laurdag 31. august 2019

Måndag 2.sept kl.19 blir det eit litt uvanleg samarbeid mellom Misjonnselskapet og Stangvik grendalag i Bondehuset.  Noko av bakgrunnen er at fleire av kykjelydane i Surnadal har eit prosjekt i forhold til Etiopia. Dette gjeld også Todalen kyrkjelyd, fortel Arne Drøpping representant for NMS i ein epost.

Temaet på møtet blir «Når kvinner slipper til – kvinnefrigjering i Etiopia». I 2003 innleia kyrkjelydane i Stangvik prosjektsamarbeid med Det Norske Misjonsselskap om landsbyutvikling i Beghi i Etiopia. Sokna i Surnadal slutta seg seinare til dette arbeidet.
 
I den opprinnelege avtalen forplikta sokna seg til med ein årleg sum å støtte arbeidet som NMS da dreiv i Beghi-området i Etiopia. Under samlebegrepet «landsbyutvikling» gjekk midlane til løysing av viktige samfunnsoppgåver.
 
Etter kvart har NMS endra og utvida arbeidsmønsteret i området. I mange av sokna er samarbeidsavtalen no fornya ut frå dagens strategi.
 
På møtet i Stangvika deltek rådgjevar Marit Breen frå NMS. Ho har sidan 2012 arbeidd med kjønnsproblematikk og kvinner sine rettar i Etiopia. Breen tek mellom anna for seg korleis ein ser kvinnefrigjering i Vest-Etiopia ut frå ståstaden til prosjektstaben ho jobbar saman med der. 
 
Svein Sæter og Anita Land frå Stangvik har også budd i Etiopia. Dette er bakgrunn for Svein sitt kåseri denne kvelden – der det og blir høve til spørsmål og samtale. Anita har i denne samanheng ei fotoutstilling.

Det blir matsalg av Stangvik grendalag.

Først publisert: 31. august 2019, 06:00 - Sist oppdatert: 30. august 2019, 21:06