På årsmøtet i Todalen Idrettslag i mars 2022, vedtok årsmøtet å bygge eit nærmiljøanlegg bak det austre målet på Bordholmen stadion. Anlegget er kostnadsrekna til litt over ein halv million, og vil bli finansiert med offentlege tilskot, eigenkapital og dugnadsarbeid.
Per E. Gjeldnes Maskin AS er no i gang med grunnarbeidet på nærmiljøanlegget. Graset og litt masse er no fjerna, og det blir lagt eit lag med pukk i botnen. Så blir det eit lag med 0,16 mm. grus, før det oppå dette blir lagt 0,04 mm. grus, eller støv er vel meir dekkande enn grus, da dette er ein særs småpartikla grus, som liknar på vegstøv.
Til slutt blir det lagt eit spesialdekke beståande av plater, som kan brukast både til sommar- og vinteraktivitetar. På sommaren blir det mogleg å spele fotball, basketball og volleyball på det nye anlegget, medan det på vinteren vil det bli lagt is, slik at anlegget kan brukast til skeiser og ishockey. Det vil også bli montert lys på anlegget, slik at det kan brukast når det er mørkt. Eige uttak for vatn skal gjere det enkelt å legge is på det nye anlegget.