Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nærmiljøanlegg tek form på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2024

Fredag var det dugnad med dekkelegging på nærmiljøanlegget på Bordholmen.  Gjeldnes maskin har tidlegare gjort grunnarbeidet og fylt opp med pukk og knusagrus for å stabilisere underlagt. No er det legging av filt og dekkke som blir gjort – da vi var innom var dette arbeidet kome omtrent halvvegs. 

Banen er på 450 kvadratmeter – 15 x 30 meter med dekke og så spant i rundt. Foto Jon Olav Ørsal

Nærmiljøanlegget er eit fleksibelt anlegg som skal kunne nyttast heile året.  Når dekket er lagt, så skal det monterast eit spant rundt anlegget.  Dermed er det plana at det skal brukast til litt av kvart – ikkje berre fotball, men også volleyball, tennis på sommars tid.  Om vinteren legges det is på banen, og da kan detn brukast til ishockey og ansdre isaktivitetar.

Halvparten av dekket er lagt ferdig – reknar med at heile dekket blir ferdig i løpet av dagen. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 10. mai 2024, 13:20