Surnadal Sparebank arrangerer næringslivsdag torsdag 14. januar i Surnadal kulturhus. Dei byr på ei rekkje interessante foredragshaldarar som bidreg til eit interessant og aktuelt program gjennom heile dagen. Den mest profilerte er nok Eva Joly, som er mest kjent for sin kamp mot korrupsjon og økonomisk kriminalitet – men vi får også høre lokale kjendisar..
Vi kan nemne namn som Jostein Ansnes, Helge Hegerberg, Tormod Ellingsen, Astrid Meland og sjølvsagt Jan L. Andreassen og fleire til. Konferansier på næringslivsdagen er Ove Snurruås.
Du finn meir info og komplett program på Surnadal Sparebanks nettsider. Påmeldingsfristen for å delta på næringslivskonferansen er 14. januar.