Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nær hundre deltok på sjølvforsvarkurs

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2024

Surnadal pensjonistlag og Sparebank1 Nordmøre fekk skikkeleg respons da dei arrangerte temamøte om svindel. Nærare hundre deltakarar var møtt opp i Svorkasalen da Knut Haugen kunne ønske velkomen til kursdeltakarane frå Surnadal pensjonistlag. Svindelforsøka ser ut til å auke i omfang, og talet på svindelforsøk er like mange i første kvartal som det var på heile fjoråret.  Sjølv om bankane satsar stort på å slå ned svindelforsøka, så aukar dei berre i omfang.  Og problemet rammar folk i alle aldrar, og det er ikkje måte på påfunn for å lokke brukar-ID og påloggingskode frå folk.

Kjersti Eide og Linda Nordal var to av kurshaldarane – dei kjem begge frå Sparebank1 Nordmøre Foto Jon Olav Ørsal

Programmet for temadagen var først og fremst å gi tips for å unngå svindel og litt info om kjente svindelmetodar. I tillegg  vart såkalla kjærleiskssvindel omtala og like ein industrisvindel. Hovudforelesarar var Kjersti Eide,  Linda Nordal og Lisa Notøy frå Sparebank1 Nordmøre, medan Per Gjeldnes orienterte om korleis politiet jobba med svindelsaker.

Denne gjengen hadde da ein del gode tips på lur – både for å unngå å bli svindla, og kva det er viktig å gjera dersom du går på limpinnen til svindlarane.  Svindlarane går først og fremst etter Bank-ID’n for å få tak i pengar du har på konto i banken. Vi kan vel egentleg seie at det er typisk norsk å være godtruande og lite på andre. Det er da heller ikkje så enkelt å stå i mot, for svindlarane er profesjonelle og brukar fagspråk – og er høflege og hjelpsame.  Felles for svindlarane er at dei for kjem innpå Bank-ID’n.  Her kan du vite at ved kontakt frå banken eller politiet for du aldre spørsmål om bank-ID. 

per gjeldnes fortalte om kva måte politiet jobba på – her saman med Knut Haugen frå Sparebank1 Nordmøre. Foto Jon Olav Ørsal

Når du får mistanke om at det er ein svindlar på telefon så bør du legge på straks.  Det går ikkje an å gå i dialog med dem, og eit signal er at det alltid hastar.  Meldingar er det berre å slette, og unngå å logge inn på banken via ei lenke.
Eit godt råd når du får mistanke om svindelforsøk er kort og godt:

  • Stopp! Det hastar ikkje.
  • Tenk! Kan det være svindel.
  • Sjekk! Ikkje la deg stresse til å gje frå deg dine påloggingsinfo.

Dersom uhellet er ute så er det viktig å ta kontakt med banken med ein gong,  og  vidar å anmelde saka til politiet.  
Kryptovaluta er også eit felt der det er lett å bli lokka i fella. Kjøp og sal av kryptovaluta er ikkje ulovleg, men det er viktig å være årvaken og skeptisk når ein skal drive med slikt, så same måte som når ein skal avdekkje svindelforsøk. Elles kan ein seie at det er ein god regel å bruke kreditkort til betaling  – her er risikoen meir avgrensa enn ved bruk av debetkort.
Lær meir om svindel og tiltak mot svindel på www.svindel.no  

Leiar i Surnadal pensjonistlag, Bitten Ranes, runda av seansen og takka for interessant temakveld med eit så aktuelt tema. 

Bitten Ranes er leiar i Surnadal pensjonistlag – ho takka for frammøte og interessant temakveld. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. juni 2024, 16:40