Du hører han på riksdekkande radio kvar einaste dag. No kjem han også «heim» med fullt band! Jo Sverre syng «kvalitetspop med refrenger som lurer seg uungåelig inn i hjernen», skreiv Adresseavisen. Og rindalingen har vore nærast «Ostoppele» etter han kom ut med «E», debutalbumet sitt, for eit lite år sia.
Kritikarane har vore overbegeistra og ein låt som «Ka Om» vart vurdert til å vere eit meisterverk av ein av dei. Ikkje verst for ein platedebutant!
Jo Sverre har turnert for Rikskonsertane, og opptredd både på by:larm, Pstereo, OverOslo og Trondheim Calling. Han har også levert smakebitar lokalt i sommar, men fredag 19. oktober serverer han, og bandet, heile menyen i Surnadal kulturhus. Vel verdt å få med seg; ikkje (berre) av di at han er lokal, men av di han er så god at han fortener eit stort publikum!