Basert på registrering av vassføringa i Toåa i perioden frå 1974 til 2015 så definerer NVE 74,0 m3 i sekundet som middelflaum. På morgonkvisten i dag var vassføringa oppe i 74,7 m3/sek, og dermed var vassføringa på flaumnivå før den begynte å gå ned igjen.
I 10-tida var vassføringa nede på ca 67 m3/sek, og nedgangen vil nok fortsette utover dagen etter kvart som det blir slutt på regnet. Pent vêr og høge dagtemperaturer i dagane som kjem, vil nok sørge for snøsmelting stor vassføring dei komande dagane – uten nokon stor flaumfare i vassdraga her.
Ein liten fotorunde på formiddagen viser vassføringa i Toåa som altså er på veg ned i skrivande stund.