Det er betydeleg rasfare i Trollheimen, og varsom.no oppfordrar folk til å være forsiktige. Dei melder om litt snøfall og deretter temperaturstigning. – Vær oppmerksam på våte laussnøskred i låglandet, fersk fokksnø i høgda og store ustabile skavlar, er budskapet derfra. Lokalt har skutergruppa i Todalen I.L. vore ute og jobba i dag, men mykje nysnø og tungt føre har laga mykje trøbbel for løypekøyringa.

Varsom melder om betydeleg rasfare for heile Trollheimen – utvis stor forsiktighet dersom du ferdast i fjellet!
Det er køyrt opp løype langs Toåa tursti, og det vil etter kvart bli gjort forsøk på å køyre på spor frå Innerdalsmerket via Talgøsetra til Tristeinan. Vi kjem attende med meir detaljert info om oppkøyrte løyper etter kvart.