Norske filmar skapar høg temperatur på Surnadal kino for tida, og det vil bli varmare og varmare. Det er framleis muleg å få med seg Affeksjonsverdi, Blücher og One battle after another. Men ein må kaste seg rundt om ein vil sjå desse, kvar på sitt vis, gode filmane.
Blücher tek altså for seg starten av 2. verdskrig i Norge. De rettsløse, som Filmklubben viser onsdag 22. oktober klokka 12:00, spolar fram til etterspelet. Dokumentarfilmen handlar om rettsoppgjeret med «tyskartøsene» etter krigen – både det staten stod for sjølv, og det dei lukka augo for.
Journalist Lena Kalle leitar i norske arkiv etter korleis jentene som forelska seg i tyske soldatar vart behandla. Ho har møtt nokre få av kvinnene, og vitne til hendingane, som fortel sjokkerande historier.
RUFFEN, SJØORMEN SOM IKKE KUNNE SVØMME
Mange forelder og besteforelder hugsar sikkert historiene om Ruffen, sjøormen som ikke kunne svømme, barnebøkene til Tor Arne Bringsværd og Thore Hansen (illustratøren). No har animasjonsfilmen om Ruffen kome (aldersgrense 6 år), og det er muleg å ta oppatt kontakten. «Ei sjarmbombe med mykje å elske, sjølv om han ikkje alltid treff blink», skriv NRK og trillar til fire på terningen.
Og så til den svært så romslege tolkinga av «norsk»: Dei litt eldre kan sjå Tron, Ares, som er nok ein avleggar av science-fiction-karakteren som først dukka opp på kinolerretet i 1982. Norske Joachim Rønning (mest kjent for «Max Manus» og «Pirates of the Caribbean: Salazar’s Revenge”) er regissør av filmen og tilbakemeldingane er sånn passe: «Verdens dyreste og fineste screensaver», skriv VG og trillar til tre på terningen. NRK er meir begeistra, trillar fem og kallar filmen «et digitalt dunder av en actionfilm».
Heilt til slutt, så er det berre å begynne å gle seg til jul, for i oktober den norske romansuksessen Stargate, som no har vorte filmatisert. Filmen dukkar opp på Surnadal kino om få dagar.
Alle filmane og kulturprogrammet ein ein på surnadal-kulturhus.no