Endeleg tid for litt «finsk fjernsynsteater» på Surnadal kino, når Seniorfilmklubben onsdag 6. november klokka 13:00 inviterer til den finske filmen «Høstgule blader»! Eller, dette er langtfrå berre nordisk tristesse – det ligg alltid innbaka eit håp, ein slags happy ending, i filmane til den finske meisterregissøren Aki Kaurismâki.
“Skjønn og sjarmerende filmperle”, skriv NRK og filmen og legg til, «Høstgule blader er en romantisk komedie med enkle konflikter, underspilte figurer og store mengder tørrvittig humor på Sahara-ørken-nivå.” Og meir enn det kan ein da ikkje ønske seg?
Qvisten Animation har i denne filmen sett saman eit møte mellom fleire av Astrid Lindgren sine figurar i den knapt time lange
For dei eldre går filmen om motstandsmannen Gunnar «Kjakan» Sønsteby. «NR. 24, som var ett av hans kodenavn, er en spennende og troverdig skildring av hans handlinger og opplevelser under andre verdenskrig», skriv NRK og trillar til fem på terningen.
Den koselege julefilmen har premiere 8. november, basert på romanen til Gudrun Skretting.
Vil du ha det langt meir ukoseleg på kino, er det berre å trekke kølapp når dei to amerikanske filmane «SMILE 2» og «TERRIFIER 3» kjem seinare i november.
Heldigvis går det an å gå til traumebehandling etterpå ved å sjå «ASKEPOTE», nok ein norsk animasjonsfilm, marknadsført som «Årets store juleeventyr» og med premiere 8. november.
Fullt kino- og kulturprogram kan du sjå på surnadal-kulturhus.no