Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje lus på laksen – men mykje smolt i Toåa

Jon Olav Ørsal Sundag 7. august 2016

Søndag fikk Lars Arild Houmb ein laks på kroken i Raudaåhølen. Det er det mange som har gjort i sommar, og det er ikkje noko spesielt med det. Men denne laksen var på 4,4 kg og var rett og slett mager. Den lange og magre laksen skulle hatt ei vekt på nærare 7 kg, dersom han hadde vore i normal kodisjon. Det var ein nygått laks – full av lus og den hadde ofattande skade både rundt gjellene og på ryggen.

Det har vore skikkeleg bra laksefiske i Toåa i år, men det har vore lus på mange av laksane som er komne på land, fortel leiear i Todalen elveeigarlag Ola Bruset.  Denne laksen ber tydeleg preg av at den har vore hemma av lusangrepet, og at dette har gått på helsa laus for laksen. Bruset og Houmb konkluderte med at dette var ein rømt oppdrettslaks.

DSC_3468

Den er lang og slank, og berre 4,4 kg. Den burde være rundt 7 kg med den lengda, meiner Lars Arild Houmb. Foto: Jon Olav Ørsal

Dette er den 8. laksen for Houmb i år. Han var her nokre dagar tidlegare i sommar og fikk da tilsaman 5 laksar, medan han no har fått 3 laksar og nokre sjøaurer.  Han lovprisar Toåa som lakseelv.  -» Toåa er ei perle, og eg senker skuldrane ned på anklane når eg er her».  Houmb fortale at han har sett store mengder med smolt i elva år, og det lover godt dersom dei kjem seg velberga til havs etter kvart.

Bruset nemner også at det i år er teke 10 laks som er feittfinneklipt i Toåa. Det bekreftar at det hjelper å sette ut smolt for å sikre genene til todalslaksen inn i framtida.

Bildegalleri frå elvebreidda ved Raudåhølen i Toåa.  Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 7. august 2016, 14:15