Onsdag kveld hadde styret i Todalen Idrettslag kalla inn til medlemsmøte, under tittelen «Todalen IL – Ka no?» i ungdomshuset. Her ville styret i idrettslaget ha medlemmene sitt syn på kva idrettslaget skal drive med i tida framover, både på kort og litt lengre sikt. Og styret fekk god respons, for det møtte opp mange engasjerte medlemmer på møtet. Styret fekk også inn mange forslag til aktivitetar, både aktivitetar som kostar lite eller ingenting å drifte og som er enkle å strarte opp med. Det kom også inn forslag på aktivitetar som krev meir planlegging og investeringar før dei kan realiserast. Styret var kjempenøgd, både med oppmøtet og engasjementet frå dei som møtte opp!
Elinor Bolme ønskte, på vegne av styret i idrettslaget, velkommen, og ga ei kort orientering om kvifor styret ønskte å høyre kva medlemmene meinte var viktig for framtida.
Styret i idrettslaget hadde på førehand sett opp nokre punkt, dei meinte var viktige å få svar på, og som Elinor pressenterte. Dette var:
- Trivsel ved å gjere noko saman.
- Bli kjent med nye todalingar.
- Skape liv i bygda.
- Fremje folkehelsa
- Finansiere drifta av Todalen Idrettslag.
- Drifte og vedlikehalde Todalen Idrettslag sine anlegg.
Under møtet vart det servert kaffe, saft og bakels med graut/syltetøy. Dette gav nok ekstra energi til kreativiteten og engasjementet.
Nokre av forslaga som kom inn var m.a.: Dametrim, bowling, bordtennis, volleyball, sykkelbane, kano- og kajakkutleige, orienteringsløype, målretta og organisert trening for friidrett og ski, fleire skidårer rundt om, både nede i bygda og på fjellet, quizkveldar, sosiale arrangement, og mange andre gode forslag.
No skal styre i idrettslaget sette seg ned for å lage ein oversikt over alle forslaga som kom inn, samstundes som dei skal kartlegge kva som må til for å kunne sette i gang dei forskjellege aktivitetane, som medlemmene foreslo dei skal drive med. Men styret hadde ein klar ambisjon, før møtet tok til, om at nokre av aktivitetane som vart foreslått, skulle ha oppstart allereie i oktober. Under møtet fekk vi konkrete ting som det blir oppstart på allereie neste veke, så det viser at styret meinte alvor med ambisjonane dei hadde før møtet!
«Dametrim»:
Onsdag 27. oktober klokka 18:00 blir det «Dametrim» på Hett & Svett. Her vil det bli gjeve ein enkel instruksjon i korleis ein brukar dei forskjellege treningsapparata som er på Hett & Svett.
Toåa tursti blir eitt av turmåla i Stikk UT! Vinter:
Leiar i Trimgruppa, Elinor Bolme, kunne fortelje at Toåa tursti blir eitt av turmåla i Stikk UT! Vinter frå og med i haust. Så da ser det ut til at turstien vår kan bli ein «heilårssti», noko som er særs positivt for alle.
3.dagsfest med revy 27. desember:
Styret kunne og opplyse om at det blir 3.dagsfest med revy og mat den 27. desember i Todalen ungdomshus.
Som vi ser, så blir nokre av forslaga som kom inn på medlemsmøtet til konkrete aktivitetar med ein gong, slik styret lova før møtet.
Elinor, på vegne av styret i idrettslaget, oppsummerte møtet som særs vellykka og konstruktivt. Ho takka alle medlemmene for det store engasjementet under møtet.
Om du ikkje hadde anledning til å vere på møtet i går kveld, men ønskjer å kome med innspel til aktivitetar, kan du gå inn på Facebooksida «Todalen IL på Facebook» og trykke på knappen «Send melding», og skrive dine forslag der!
Etterbruken av bygningane ved Todalen skule
Ein del av aktivitetane som vart foreslått på medlemsmøtet, er avhengige av gymsalen ved Todalen skulen. Som kjent har Surnadal kommune bede om innspel på framtidig bruk av bygningane. Styret i Todalen Idrettslag har ikkje realitetsbehandla denne saka enda, så saka vart berre nemnt under møtet. Styret i idrettslaget vil, så raskt som mogleg, ha samtalar med Surnadal kommune, for å sjå på om det er mogleg å få bruke gymsalen i vinter.
Styret vil også arbeide med saka framover, for å sjå om det på sikt er mogleg for idrettslaget å involvere seg i etterbruken av skulebygningane på ein eller annan måte, eller om dette vil bli eit for «stort løft» økonomisk og ressursmessig. Dersom idrettslaget skal engasjere seg i etterbruken, så må dette uansett behandlast og vedtakast på eit årsmøte, understreka leiar i idrettslaget, Michal K. Heimlund.
Så får framtida vise kva som skjer med bygningsmassen ved Todalen skule.