Ein rundtur i Todalen med reparering av asfaltdekke er ikkje noko nytt for Ola Svinsås og gjengen på Veidekke. Det er faktisk mykje av asfalten frå Svinviktunellen og rundt bygda som er i ferd med å gå i oppløysing. Tysdag var Ola Svinsås frå Veidekke i gang med å reparere eit stort hol i vegen like ved kyrkja. Han bruka opp ein heil stabel med reparasjonsmasse før han fikk fylt holet nokon lunde.
Dei hola som oppstår i asfalten veks heile tida utover og blir stadig større – i fjor haust var det mange hol frå tunellen og innover, og asfaltrep blir nok hovudsysselen i år også.
Sett ned farten når du passerer!
Svinsås oppmodar folk om å sette ned farten når dei passerer folk som jobbar på vegen. Vi er forskriftsmessig kledd, og bilen står med blinklys på, slik at det skulle ikkje være noko problem å sjå oss – vi oppfordrar alle til å sette ned farten når du passerer.