Eit fåtal møtte opp på Bordholmen i går kveld når Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til gratis førstehjelpskurs. Kurset var arrangert for tredje gong, med kurshaldarane Olav Polden, Jan Ove Bævre og Ivar Bolme.
Dei første livreddande minutta
Dei frammøtte fekk ein generell gjennomgang av livreddande førstehjelp, livsviktig informasjon som ein aldri kan oppdatere seg nok på. Mange av dei frammøtte hadde delteke tidlegare også, men dei var skjønnt enige i at ein lærer noko nytt kvar gong. For det kan være greit å hugse at det treng ikkje være den som ropar høgast på eit skadested som er mest skadd. Eller korleis du med eit enkelt grep kan redde liv ved å frigjere luftvegane.

Frå venstre Ivar Bolme som er i det frivilllge brannvesenet i Todalen, saman med Jan Ove Bævre og Olav Polden som er fagarbeidarar i ambulansetjenesta i Surnadal. Dei stiller opp på forespørsel gong etter gong, på frivillig basis.

Jorunn Ørsal og Jorunn Rindal var ikkje seine å be når dei fekk prøve dukka for førstehjelp. -Veldig viktig å benytte kvar ein muligheit t il å trene på dette meinte dei to. -Eg er nok litt forundra av at todalingar ikkje møter opp på eit gratis førstehjelpskurs, seier Jorunn Ørsal. Vi er i ei særsstilling som får faglært hjelp heilt gratis til desse kursa, seier ho.

Til slutt var det ein gjennomgang av bruk av hjartestartar. Slike kveldar er veldig nyttige for å ufarleggjere dette verktøyet som ofte kan vere med å berge liv ved bruk.
Ring 113
Ellers orienterte kurshaldarane litt om kva som skjer når ein kjem borti ei ulykke eller tilfelle der det er nødvendig å ringe 113. For det er veldig viktig å ringe 113 for fort å iverksette at nødetane rykkjer ut. Mange opplever denne samtalen som litt seindrektig, men Olav Polden kunne fortelje at medan vi er på telefon med AMK-sentralen i Ålesund, går det eit dobbelt løp på sidelinja. Personen i andre enden er veldig omstendeleg og forsøker å få ut mest muleg informasjon frå innringar. Ved sida av sitt ein medlyttar. Denne personen aktiverer og korrigerer hjelpemannskap etterkvart som informasjon kjem fram om pasienten. Derfor påpeika dei to erfarne ambulansearbeidarane kor viktig det er både å ringe og ikkje minst å opplyse om mest muleg til AMK-sentralen.