Stabile vêrtilhøve har gjort at det etter kvart har vorte fin is på asfaltplassen på Bordholmen. Idrettslaget har dagleg sprøyta på vatn for å få isen jamn og fin, og no er det mange som brukar isen kvar dag og utover kvelden. På Bordholmen er det også ein del utstyr som er lagt ut til utlån, slik at du får prøve isen uten å kjøpe nytt utstyr. Alt tyder på at det blir fint også i dagane framover, da vêrmeldinga spår opphald og litt kaldare vêr utover veka.
Da Todalen.no var innom var det ein gjeng som dreiv med leik på isen og som etter litt overtaling stilte opp for fotografen. Dei oppfordrar fleire til å kome på isen og bli med på ein liten ishockeykamp eller bare litt tidtrøyte kanskje.