I ettermiddag var det kanskje fleire i Todalen som la merke til den store motor yatchen som kom inn fjorden og sette anker utanfor Heggerneset. Kva oppdrag yatchen Karima har her i vårt farvann er uviss, men ein heilt ok livbåt vart senka og kom inn i småbåthavna for å sjå seg om. Turen gjekk også over fjorden mot Toalsøra for ein inspeksjon mens todalen.no var i småbåthamna. Båten seglar under Bermuda sitt flagg, og har heimehavn i Hamilton, og er i følge Marine Traffic på veg til Brofjorden i Sverige frå Kristiansund Havn.
Vi har naturleg vis googla og kan finne at yachten «Karima » vart bygd av Amels i Nederland på Makkum verftet, i 1993. Da som Maupiti, renovert i 2007. Karima tilbyr overnatting for inntil 12 gjester, og opptil 14 mannskap om bord for å sikre en avslappet luksus yacht tur. Toppfart er på 14 knop, og komfortabelt cruise på 12 knop. Med sine 80.000 liter drivstoff tanker hun har ei maksimal rekkevidde på heile 9,213 nautiske miles. Berre vasstankane lagrar rundt 15 000 liter ferskvann. Helikopter med landingsdekk medfølger.