Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Musikkhøgtid i Todalen og Åsskard

Elinor Bolme Onsdag 16. desember 2015

Søndag er det musikalsk julehøgtid i Todalen og Åsskard. Solistar, orkester og kor inviterer til tonefest og julespel. Her kling «Et barn er født i Betlehem» og dei  andre kjære allsongane. Her tonar «Julverset» frå Stangvik og «Julemotetten» av Alnæs. Her hører du «Stille natt» i originalversjon og  adventstonar frå Bachs «Juleoratorium».

Orkesteret – fløyte, obo og strykarar – spelar m.a. suiten «Juletonar frå Nordmøre». Tor Strand trakterer orgel og piano.  Operastudent Sigrid Vetleseter Bøe syng vakre soloparti – m.a. frå Handels «Messias».

Musikkhøgtid (4)

Alle aktørar samlar seg om kantaten «I denne søte juletid». Denne illustrerer juleevangeliet – utforma som syngespel med enkle, stiliserte effekter.

Og under «Deilig er jorden» vil truleg taket løfte seg denne førjulssøndagen.

Konsertsprosjektet er støtta av Gjensidige, Surnadal Sparebank, sokneråda og lokale lag.

 

Publisert: 16. desember 2015, 23:32