Venner av Skulstuå inviterer til musikalsk aften onsdag 10.juni kl. 20.00 i Skulstuå. Tre habile trekkspelkarar underheld både med fengande musikk og ikkje minst gode historier mellom kvar melodi! Odd Arne Halaas (med aner frå Todalen) og Konrad Nerland har begge spela i Skulstuå tidlegare, og gler seg til å koma att!
Jon Bjarne Husby blir og med å underheld, og er vi heldig kan det og bli ein gjesteopptreden frå publikum. Det vert utlodding og sal av kaffe og noko å bita i. Vel møtt til musikalsk aften!