Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Munnhell, ølbryggjing og bading….

Jon Olav Ørsal Måndag 9. juni 2014

På Todalshytta har det vore ølbryggjarhelg denne helga, og ei ny «laddning» med spesialølet «Munnhell» er på gang. Det treng enno noko lagring, før det er klart til å sløkkje tørsten til todalingar og andre kundar på Todalshytta, fortel Eric Malling, som er ein av vertskapet. Malling har i helga hatt besøk av to kompisar frå Oslo, som er halvprofesonelle ølbryggjarar.

Godt å være i gang, seier Helene Ness og Eric Malling som er nytt vertskap på Todalshytta. Frå neste veke blir det full fart.

Vertskapet på Todalshytta, Helene Nes og Eric Malling tilbyr spesialbrygget Munnhell i kombinasjon med Tingvollosten «Kraftkar». Kortreist både mat og drikke. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Pelle Sebastian Bibow og Øyving Lindvik Rekdal som har teke turen til Todalshytta for å innvie det nye vertskapet i ølbryggjarkunsta og hjelpe til med å få i gang produksjonen av det nye spesialølet som er nøye tilpassa for servering av Tingvollosten «Kraftkar». Det trur vi faktisk at dei har lykkast ganske bra med, etter ei lita prøvesmaking av både ost og øl. dette må bli eit aktimum for spisekartet på Todalshytta.

Det nye ølet er mørkt og er en havrestout, og inneheld 8% alkohol. På etiketten står det at det er «erstatning for fisk», og er nok mynta på laksefiskarane som tek det som erstatning for den store laksen dei har mista eller iallfall i det minste har sett snarten av. Slik har også namnet «Munnhell» sett dagens lys. Det er bare å helle i munnen, og det er god erstatning når historiene om laksen som glapp skal forteljast. den første ladninga med «Munnhell» og «Kraftkar» er alt på plass i ishuset på Todalshytta, og laksefiskarane er også like rundt hjørnet, etter som laksefisket i Toåa startar natt til søndag eller 15. juni om du vil.

Munnhell_etikett1

Artig etikett på ølflaskene med Munnhell – Todalshytta spesial.

Bryggemstrane Bibow og Rekdal har iallfall kosa seg på Todalshytta i helga, og kombinert ølbryggjing med hyppige turar i Brusethølen for bading. Mellom badeøkten har dei trekt ut søtsoffet i malten og gjort eit oppkok, før dei har tilsett aromahumle og etterkvart fått varene over på gjæringsdunken. Så no er det berre å vente før det blir tappa på flasker og sett til ettergjæring før det er salgsklart. det eer ingen kunstige tilsetjinger i «Munnhell».

Publisert: 9. juni 2014, 14:55