På Trollheimsporten kan vi lesa at Formannskapet i Surnadal har gått inn for at Gammelskulen skal selgast for 1 krone til «Gammelskulen lokalhistorisk og flerkulturellt senter». Dette etter at ei interimgruppe tilhøyrande dette nye laget i Todalen sjølv har foreslått det. Saka har no vore oppe i formannskapet, og etter kva Trollheimsporten skriv, så vart dette einstemmig vedteke, lell om ikkje alle politikarane hadde tru på tiltaket. Saka går så vidare til kommunestyret i mars, for avgjersel og endeleg vedtak.
Talgø var tidlegare på banen for å få kjøpa huset for atskillig meir enn ei krone , men fekk avslag frå Surnadal kommune, då tilbudet kom utaom den opne marknaden.
Les heile saka på Trollheimsporten.