I går starta arbeidet med å muddre innløpet til båthamna i Sissigrenda. Bjørn Hauglannn som er leiar i Todalen båtforening fortel at utløpet av Toåa dregmed seg masse som legges igjen ved innløpet til båthamna, og dette blir rekna som vedlikehald som må gjerast ein og annan gongen. Det er Per E. Gjeldnes Maskin som er utøvande entreprenør for dette prosjektet.
Hauglann fortel vidare at alle plassane i hamna er leid ut, og det står faktisk folk på venteliste for å få båtplass. Dersom hamna skal utvides så blir det eit stort prosjekt, for da må hamna utvides og innkjøringa snus mot nord. Dette blir eit stort og dyrt prosjekt som må planleggjast på sikt. I denne omgangen er det berre eksisterande innkjøring til hamna som blir ordna og ingen nye båtplassar. I løpet av hausten vil det også bli litt vedlikehaldsarbeid og utskifting av utstyr som det etter kvart har vorte slitasje på.