Team Hegerberg arrangerte måndag til onsdag motivasjonscamp for unge fotballjenter på SpareBank 1 Nordmøre idrettspak i Ålvundfjord. Eit tjuetals jenter i alderen 13 – 14 år frå fem lokale klubbar deltok på motivasjonscampen.
Andrine Hegerberg deltok fysisk, medan Ada deltok på motivasjonscampen digitalt.
Jentene som deltok på motivasjonscampen fekk mange gode tips og god rettleiing for vidare utvikling i eigen klubb.
SpareBank 1 Nordmøre er sponsor for Team Hegerberg, saman med Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank og Sparebankstiftelsen Nordvest.
Andrine seier at ho tykkjer det er fint å få kunne tilby dette tilbodet til unge jenter. Ho hugsar godt sjølv motivasjonen det ga henne å få råd og rettleiing frå kvinnelige forbilde da ho sjølv var ung.