MOT Surnadal ved Eva Sæterbø ønsker å overbringe ei helsing til Todalen IL som takk for pengegava i forbindelse med Ræta Opp 2019.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/09/65637883_349231925731748_7947278760053571584_n.jpg)
Rekorddeltaking på Ræta Opp og arrangør og mottakarar er storfornøyde.
Hausten har no kome og vi kan sjå tilbake på ein flott sommar. Og vi i MOT gler oss no til å fortsette MOT-arbeidet i kommunen. Vi var så heldige at inntekta frå Ræta opp gjekk til MOT Surnadal i år, samt at vi fekk fem tusen av Todalen IL i tillegg. Dette gjer at vi no står sterkare økonomisk og kan arrangere fleire arrangement for alle ungdommane i kommunen.
Vi vil difor rette ein stor takk til Ingvild Kårvatn og Todalen IL for pengestøtta, og ein retteleg triveleg og godt organisert Todalsdag.