Vi tok en tur til skytebanen i Ranheimsvingen måndag kveld – der rekna vi med å treffe ein kø lenger enn lang – som venta på å få ta skyterprøven til storviltjakta. Men, nei da, det var ein avslappa gjeng som tok seg god tid til skytinga, og 2-3 veteranar på venterommet som hadde mange gode jakt- og skytehistorier å fortelje. Det er rundt hundre jegrar som tek skyteprøven kvart år på banen i Ranheimsvingen – og det store fleirtalet hadde alt sikra seg dei obligatoriske 30 prøveskotta og etterpå 5 skott med 5 treff innafor sirkelen på dyrefiguren.
Allle må nemleg på skytebanen minst 2 gong for å skyte 30 obligatoriske prøveskott. Det sikrar skikkeleg innskyting av våpenet, samtidig som du får litt skytetrening som ofte kjem godt med for mange. Deretter er det 5 skott mot dyrefiguren, som alle må treffe innafor sirkelen på 30 cm diameter. Det blir bruka meterskiver, og det skytes på 100 meters hold, og dette er ikkje heilt enkelt å treffe, så enkelte må kanskje prøve fleire gong før skytinga blir godkjent.
På skytebanen er det motorisert inntrekk av skivene, slik at skyttarane får sjå skivene og sjå kvar dei har trefft – dermen kan dei skru eit knepp hit og eit knepp dit for å sikte seg inn til best muleg treff. Til prøveskotta blir det bruka 1/2-meterskiver, der 8-ern har same diameter som blinken på dyreskiva.
Snart er det jakt, og da gjeld det å ha papira i orden. – Reinsjakta startar alt 20. august, medan hjortjakta her starta 1. september og elgjakta 10. september. No er det to skytekveldar att – komande måndag 24. august og måndag 31. september – dersom du ikkje har fått prøveskotta, så treng du begge måndagskveldane for å kome i mål.

Veteranar på venterommet – Jon Oren, Anders Halset og Odd Arne Vikavoll trøydde tida med gode historier. Foto. Jon Olav Ørsal

Oppgjørets time – og underskrift på vilttrygdeavgiftskortet. Ken Marius Pedersen og Ove Eide. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi trudde det var edle saker Jon Oren hadde i det flotte etuiet, men det var berre skytesaker! Foto: Jon Olav Ørsal.