Torsdag 15. august kl 24 er det definitivt slutt på laksefisket i Toåa for i år. Denne sesongen går nok over i historia som ein av dei svakaste sesongane på lenge. Kor mange laks og sjøaure som er resultatet av årets sesong veit vi ikkje enno, men det har vore lite fisk og lita vassforing i elva. Det gir til saman ein dårleg kombinasjon. Etter regnveret det siste døgnet er vassføringa i skrivende stund i overkant stor. Men etter som nedbørmenga no tek av, vil nok vassføringa dei neste dagane bli perfekt for det tradisjonelle aurefisket i august.
Vassføringa i Storfossen er i skrivaande stund i overkant av 30 m3/sek., men altså på veg ned. Vêrmeldinga for dei neste dagane tilsier at vi igjen skal få sjå gløtt av sol på onsdag og torsdag. For berre 4-5 dagar sia var vassføringe nede mot 2,5 m3/sek, og da er det nok vanskeleg å være laksefiskar i Toåa.
Rassituasjonnen i Todalen har nok gjort at laksefiskarane har vore avventande. No er imidlertid ferja på plass, og det er derfor ingen problem med å ta seg inn til Todalen for å ta del i innspurten på årets laks- og aurefiske, som altså sluttar torsdag kveld kl 24.