Søndag 11. februar er det morsdag, så fredag 9. februar, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Lia gard til morsdagsutsal i bakeriutsalet sitt i Lia. Så da blir det mogleg å få kjøpt noko godt for å overraske mor! Det blir også mogleg å få kjøpt både grovbrød og knekkebrød.
På morsdagsutsalet får du kjøpt:
– Ferske donuts med melis eller sjokolade glasur
– Ferske skulebollar
– Ferske smultringar
– Ferske grovbrød
– Smurte tjukklefser (frosne)
– Frossen suksessterte (18 cm.)
– Frossen konfektkake (18 cm.)
– Frossen fyrstekake (18 cm.)
– Nystekte havrekjeks
– Nystekte knekkebrød
Førehandsbestilling innan onsdag 7. februar klokka 18:00 på telefon: 415 71 278.
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!